Sorggruppe


Sorggruppe


Å miste ein du er glad i, kan vera noko av det vondaste du kan oppleve i livet. Det tek tid - ofte lang tid - og er ofte svært tungt å arbeide seg gjennom. Smerta verkar lammande, og tek gjerne alle krefter me har. Det er store forandringar i livet og familien, mange ting å ta avgjersler til, og gjerne forventningar til at du etter kvart skal fungere som før – når livet ikkje lenger er som før.

Mange opplever å ha mange rundt seg i starten men så kjem kvardagen og du vert meir åleine.

Då kan ei sorggruppe vere fint å være med i, møta andre i liknande situasjon. Ei gruppe på 5-8 stk. som møtes over 10 kveldar. Her er det rom for å dela det meste og slik vere til hjelp og støtte for kvarandre.

Sorggruppa vert leia av diakon eller prest, som har erfaring med sorg og samtalar i ulike livssituasjonar. Ein vil og ta opp ulike tema knytt til sorg, sakn og vegen vidare.

Gruppa er open for alle, uavhengig av tru og livssyn.

Velkommen til å ta kontakt med diakon Sigrid D. Mala, tlf. 478 49 134, e-post: sm435@kyrkja.no eller diakonimedarbeidar Anja K. Slåtten, tlf. 417 04 958, e-post: as257@kyrkja.no for meir informasjon og påmelding.

Du kan og ta kontakt med di lokale kyrkje for påmelding. Fleire opplysningar finn du på www.voss.kyrkja.no, eller telefon til kyrkjekontoret: 56 52 38 80.

Tilbake